Termposten 2/2021
Velkommen til juleutgåva av Termposten!
Slutten av 2021 nærmar seg. Verda er framleis prega av koronapandemien, men arbeidet med terminologi og fagspråk held fram.
I dette nummeret kan du mellom anna lese om Språkdagen 2021, der fagspråk i universitets- og høgskulesektoren var eitt av temaa. Du kan òg lese om språklova som tek til å gjelde 1. januar, og kva lova får å seie for terminologi og fagspråk.
I portrettintervjuet møter du Jostein Riiser Kristiansen, som sit i ei termgruppe for astronomi, og som òg skriv for Store norske leksikon.
God lesing, og god jul!